søndag 1. mars 2009

Søndagsprat.....

Idag vil eg anbefale en blogg om hår og hårprodukt. Denne bloggen finn du her : www.salongen.blogg.no.
Ho som eig denne bloggen heiter Sølvi. Ho er frisør og på bloggen sin testar ho ut forskjellige produkt, viser tips om hår og forskjellig anna. Innimellom har ho konkurransar der du kan vinne hårprodukt.
Sølvi er også avogtil å finne som programleder på Mess-tv.
Eg kom over denne bloggen via Rita Olene Mork sin blogg og er stadig innom bloggen til Sølvi for å få tips om hår og produkt :))
Dette var dagens lisje reklamesnutt.
Ellers har eg hatt nokre dagar med vinteferie denne veka, dei har gått med til rydding og kasting her i huset. Og det trengtest. Det kan eg love deg. :)) Etter å ha vore gjennom deling av nokre dødsbu og diverse anna, so har det samla seg ganske mykje etterkvart. Har også fått gått gjennom nokre klesskap og levert til Freteex. Deilig å få vekk sånnt som jentene har vokse ifrå..
Ellers har Tove våre til Trondheim og spelt kamp igjen. Dei vann denne kampen også, så no er 2 divisjosplassen så godt som sikre. Om 14 dager skal dei spele returkamp mot Heimdal, då anbefaler eg alle å kome til Voldahallen å sjå desse flotte jentene spele underhaldande handball.. Sant Therese? ( hehe.. veit du er innom bloggen min) Dei skal forresten også spele kamp på førstkomande fredag i Voldahallen mot Spjelkavik 2. Møt opp og sjå !!
Tenkte eg skulle legge inn nokre innlegg om interiør snart. Har blant anna kjøpt meg eit skilt med Veslehuset som eg skal legge ut på nettet. Så vil eg vise fram det flotte bildet som eg kjøpte av Rita Olene Mork før jul. Det heiter "Eventyr" og er fantastisk flott. Det går i forskjellige lilla/plomme-farger. Eg elskar det maleriet. Du kan stikke innom bloggen hennar for å sjå på dei andre flotte maleria ho har laga. Bloggen finn du her: www.galleriolene.blogspot.com.
Ha ein fantastisk flott dag i morgon alle sammen :))) Prækast...

2 kommentarer:

  1. Skal sjekke ut de bloggene:))
    Ha en fin dag:))

    SvarSlett
  2. So kjekt at du e fornøgde med bildet ditt!!:)
    He våre dårlig me maling her i det siste,men rekna med å komme sterkare tilbake:)
    Ja,bloggen til venninda mi,Sølvi går som det susar om dagen! Mykje inspirasjon og idèar å hente der!
    So flinke handballjentene e da! HEIA VOLDA!:)
    Fortsatt fin dag!!

    SvarSlett